Frithjof Sælen
Tre kalde karar
Politisk satire kamuflert som ei heilt vanleg biletbok for barn om tre snømenn.
Boka kom ut for første gang under krigen, 9. desember 1942. Tilsynelatande er ho ei heilt vanleg biletbok for barn om tre snømenn, men ho var óg ein kamuflert politisk satire der dei tre representerer kvar si aksemakt, og dei allierte blir framstilt som sola. Boka vart ikkje stoppa, men forfattaren vart innkalt til forhøyr hos Gestapo og rådd til ikkje å gi ut fleire slike bøker.