Erna Osland
SPRING!
Sju forteljingar om nye og gamle hjarte – om å lesa, og om å søka ei trygg hamn
Om eg må lese høgt på skulen, reiser eg meg. Eg triv sekken og går. Eller spring. Læraren veit det, og likevel ber ho meg lese. Ho kjem til pulten min og seier: – Les for meg, Arild!
Erna Osland har skrive sju korte forteljingar om vennskapet mellom Arild og dei eldre rundt han. På skulen slit Arild med å lesa, og når læraren seier at det er hans tur, slår hjartet fortare. Og fortare. Og befaler han å springa derifrå. Kor spring han då?
Per Ragnar Møkleby har illustrert boka, som er finast å lesa saman, men òg fin å lesa sjølv. Dei sju forteljingane kan lesast som ei lang historie om Arild, eller kvar for seg.
Om vegring og meistring – og om sterke band mellom barn og eldre.
VINNAR AV LITTERATURPRISEN – KULTURDEPARTEMENTETS PRISER FOR BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR
«I denne hjartevarme boka [...] kjem ordkunstnaren Erna Osland verkeleg til sin rett. Med tilsynelatande enkle grep får ho sagt utruleg mykje om lesevegring, det å flykte frå problem og – ikkje minst – om venskap mellom barn og eldre menneske. Språket er presist, poetisk og godt å lese, og forteljingane har eit gjennomført barneperspektiv. Dette er ei bok til å bli litt klokare av. Illustrasjonane til Per Ragnar Møkleby konkretiserer og understrekar dei mellommenneskelege relasjonane på ein varm og underfundig måte.» KUD-juryen
Frå 6–10 år